• Respektfull kommunikasjon

    19/07/2016

    Våren 2016 har vi jobba med fokusområdet respektfull kommunikasjon. Vi starta med å definere kva vi legg i dette fokusområdet, og kom saman fram til denne definisjonen; Verbal- og nonverbal samhandling mellom to eller fleire, der kommunikasjonen er lyttande, open, tillitsfull, gjensidig og ikkje nedlatande. Etter denne avklaringa starta vi med utarbeidinga av beste praksis på dette feltet. Korleis vi har jobba med dette fokusområdet kan du lese meir om under her. Fokusområdet vart avlevert saman med Snøkrystallen barnehage i slutten av april. 

  • Fokusområde: Samlingsstunda

    26/01/2015

    Kvar dag har vi samlingsstund i barnehagen. Dette kan vere den tradisjonelle typen samlingsstund i garderoben, eller t.d. ei samling når vi har aktivitetar eller er ute på tur. Vi er opptekne av at dette skal vere ein aktivitet som skal fenge barna, og at det skal vere godt innhald i det arbeidet som blir gjort her. Dette føreset at vi vaksne må vere bevisste vår rolle, og vi må tenkje på at tema og opplegg skal vere i forhold til utviklingsnivå på barna.

  • Fokusområde: Den språkutviklande kvardagssamtalen

    26/01/2015

    Som ein del av vår satsing på språk, har vi sett på betydninga av kvardagssamtalene i forhold til barns språkutvikling. Alt av verbal kommunikasjon i kvardagen, er ei øving i å bruke språket. Ved å vere bevisste på kva vi legg i desse samtalene, ser vi at dette er ein unik arena for å legge til rette for språkutvikling.

    I arbeidet med dette fokusområdet har vi teke utgangspunkt i  utdanningsdirektoratet sin veiledar Språk i barnehagen. Mykje meir enn berre prat. Denne kan de finne på udir.no.

  • Fokusområde: Språk i barn sin leik inne

    23/01/2015

    Leiken er ein viktig arena for barns språkutvikling. Gjennom leiken får barnet m.a.utvida ordforråd og øving i å bruke språk i samspel. Vi har hatt spesielt fokus på vaksenrolla i forhold til språk i barna sin leik inne, men det vi har jobba med gjeld sjølvsagt i alle typar leik, både ute og inne.

  • Fokusområde: Barn og føresette sitt møte med barne

    23/01/2015

    Korleis barn og vaksne blir møtte barnehagen om morgonen, er veldig avgjerande for korleis barnet sin barnehagedag blir. Det er og viktig i forhold til korleis det er for foreldra å levere barna sine her.

    For at det skal vere god kvalitet på dette møtet, har vi hatt dette som fokusområde. 

  • Fokusområde: Pedagogisk likestillingsarbeid i inne

    23/01/2015

    I arbeidet med pedagogisk likestillingsarbeid, legg vi vekt på at alle barn, uansett kjønn, skal få like muligheter. Korleis vi har jobba med dette, kan de lese meir om her.

  • Fokusområde: Måltidet

    23/01/2015

    Korleis vi jobbar for at måltidet skal bli ei god stund, kan de lese meir om her.

  • Fokusområde: Sosial læring gj. leik i utetida

    26/01/2015

    "Sosial læring gjennom leik i utetida".

    Korleis vi jobbar med dette, kan de lese meir om her.

  • Fokusområde

    23/01/2015

    Fram til midten av mars har vi fokusområdet «Garderobesituasjonen – barnehage – heim samarbeid». Korleis dei ulike avdelingane vil jobbe med dette, kan de lese meir om her.

  • Kvalitetssikring

    23/01/2015

     

    KVALITETSSIKRING

    Alle barnehagane i Eid har dei siste åra delteke på eit utviklingsprogram der ein set fokus på kvalitetsheving på arbeidet i barnehagen. Vi deler inn arbeidet vårt i ulike fokusområder og jobbar i prosessar for å bli betre på kvart enkelt område.

    Ved å halde ekstra fokus på eit område i gangen, kan ein gå grundigare i arbeidet, og lettare kunne nå måla.

    Kvalitetsutviklingsprogrammet vi føl heiter Beste praksis. Dette er ein arbeidsmåte der ein først vel kva ein vil jobbe ekstra med, fokusområdet. Deretter definerer vi i fellesskap med dei andre barnehagane i Eid, kva som kjenneteikner kvalitet innan dette fokusområdet. Desse kallar vi standarder. Under kvar standard utarbeider vi her i barnehagen kva arbeidsmåtar ein må bruke for å oppnå kvalitet. Desse arbeidsmåtane kallar vi Beste praksis.

    Gjennom dette arbeidet set vi fokus på korleis nosituasjonen er, på korleis vi kan justere våre arbeidsmåtar for å nå måla, og dermed sikre at kvaliteten på vårt barnehagetilbod er godt.

    Kvart fokusområde er tidsavgrensa, og ender i ei avlevering, enten saman med dei andre barnehagane eller innad i barnehagen.

    Korleis dei ulike avdelingane vil jobbe med fokusområda, kan de lese meir om under kvart emne nedanfor.