• 17/09/2014

     

    TELEFONLISTE GJERDANE BARNEHAGE:

    KONTOR 95864013

    SOMMARFUGLEN 97077313

    GULLFISKEN 97128473

    MARIHØNA 97116735

  • Barnehagen vår.

    07/05/2014

    Gjerdane barnehage vart starta privat i januar 1988. Barnehagen er no kommunal og er eigd av Eid kommune. Barnehagen består av 3 avdelingar; Marihøna (3-6 år), Sommarfuglen (2-6 år ) og Gullfisken (0-3 år).

     

    Barnehagen har pr i dag 15 tilsette og 48 barn i alderen 0-6 år.

     

    Vi har eit stort og utfordrande uteområde, der barn frå alle 3 avdelingane får leike i lag og skape vennskap på tvers av avdelingar og aldersgrupper.

     

    Gjerdane barnehage ligg nært Nordfjordeid sentrum, og er dermed i gåavstand til dei fleste bustadfelta som er rundt sentrum.

     

    Vi er og i gåavstand til flotte turområder, både i skogen og i fjæra. I tillegg har vi mange gode tilbod rundt oss som vi nyttar oss av; Hestesenteret, Operahuset med bibliotek, Meltunet, Nordfjordeid barneskule, kunstgrasbane og idrettshall.