• Hogstfeltet

    14/02/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Hogstfeltet ligg aust for Myklebuståsen, ovanfor Langeland. Når vi er i hogstfeltet har vi masse kjekk leik! Vi kan m.a. klatre i tre, leike i skogen, gå på oppdagelsesferd, spikke, eller bygge demningar eller "fiske" i den lisje bekken som renn forbi. Der er og tillaga ei fin grue, så ofte har vi med oss mat eller drikke som vi kan varme på bålet.

    Turen til Hogstfeltet går frå barnehagen, opp forbi Eldretunet, inn til Skårfeltet, og så vidare i skogen der. Dette er ein flott tur for gruppene som er frå 3 år og oppover.

  • Skogsområde ved Smalebrua

    13/11/2013

    Dette området ligg nederst i Myklebuståsen, før ein kjem opp på vegen mellom Myklebuståsen og Prestemarka. Vi brukar ca. 20 min. på å gå opp hit. Då går vi gjennom byggefeltet på Golvsengane og inn på ein liten skogsveg. Området har ein fin liten skog å leike i.