Ansatte
  • Årsplan 2019-20

    21/10/2019

    Årsplan for Gjerdane barnehage 2019-20 ligg no under dokumenter her på sida. Om nokon ønskjer årsplanen i papirform, kan de ta kontakt med styrar.

  • Velkomne til nytta barnehageår!

    14/08/2019

    Mandag 19.8 ønskjer vi alle nye og "gamle" barn og foreldre velkomne til eit nytt og spanande barnehageår! Vi gler oss!!

     

     Barnehageruta for 2019-2020 ser slik ut:

     * planleggingsdagar: 15.8, 16.8, 7.10, 2.1, 22.5

    * barnehagen er stengd julafta, i romjula og nyttårsafta.

    * Barnehagen er stengd i påskeveka (6.4.20-13.4.20) 

    * Siste dag i barnehageåret er 14.08.20 

    Barnehageruta finn de og på eid.kommune.no under fana Barn og familie - barnehagar.

     

     

  • 13/03/2019

    Vi brukar no facebooksida vår til å dele små glimt frå kvardagen, og denne sida er difor ikkje lenger så mykje i bruk. Her på sida legg vi ut meir slike ting som informasjon, årsplan og liknande.  

  • Årsplan 2018-19

    24/10/2018

    Årsplanen vår er no vedteken i samarbeidsutvalet og lagt ut nede til høgre på sida her.

  • Planleggingsdagar i haustferieveka

    05/10/2018

    Vi minner om at barnehagen er stengt mandag 8.10 og tysdag 9.10 grunna kursdagar for personalet.

    Vi ønskjer alle små og store ei god langhelg!  

  • Aktivitetsdag i barnehagen

    05/10/2018

    Tysdag dene veka arrangerte Sommarfuglane aktivitetsdag for alle i barnehagen. Alle vart delte opp i grupper med deltakarar frå alle tre avdelingane. På uteområdet var det laga til ulike postar som alle skulle gjennom; vi kasta ball på boksar, laga felles maleri, gjetta på songar, hadde vasstafett og mykje anna moro. Til slutt avslutta vi med felles måltid. Det smakte godt med tomatsuppe og makaroni kokt på bålpanne!

     

     

     

     

     

     

     

  • Barnehageoppstart 2018

    05/09/2018

    No er det nye barnehageåret allereie blitt tre veker gamalt, og vi kan sjå tilbake på ein god oppstart for store og små. Nokre syns det er berre kjekt å begynne i barnehagen, mens andre syns det kan vere litt skummelt, - akkurat slik det skal vere med oppstart i barnehagen! Vi prøvar å ta i mot alle små og store på ein måte som passar til kvar enkelt. I vår barnehage har vi ingen fasit på korleis tilvenning og oppstart skal skje. Nokre treng lang tid, andre kort. Nokre treng eit fang å sitte på, andre treng eit bekreftande blikk. Det viktigaste  er at vi har god tid til å bli kjende med både barn og foreldre. På den måten kan vi gjere barnehageopplevinga trygg og god for alle.

    I starten på året har vi leika mykje og blitt godt kjende. Nokre har tatt opp potetene dei planta i vår, og seinare har dei laga grønnsaksuppe. Vi har hausta epler og plommer frå eigen hage, og laga både eplekaker og plommesylte av avlinga.

    Vi har og starta samarbeid med kulturskulen og hatt musikksamlingar med Benedicte derifra.  

     

      

     

     

     

  • Barnehageruta 2018-19

    13/08/2018

    Barnehageruta for barnehageåret 2018-19 ligg no ute her på sida vår. Du finn link til denne nede på høgre side på heimesida.

  • Planleggingsdag

    13/08/2018

    Vi vil minne om at barnehagen er stengd onsdag 15.08.18 pga planleggingsdag. Vi takkar alle for året som har gått, og ønskjer nye og "gamle" barn og foreldre velkomne til nytt barnehageår torsdag 16.08.

     

  • Vinter og sol!!!

    02/03/2018

    Flotte dagar i barnehagen for tida! Litt mange kuldegrader innimellom, men når sola kjem ut på føremiddagen har vi det heilt topp!!!

    Denne veka har nokre hatt skidag i Stigedalen, nokre har vore på turar i barnehagen sitt nærmiljø, og andre har kosa seg her.  Med nokre glimt frå dei siste dagane vil vi ønskje alle ei riktig god helg!!

     

  • God jul!

    22/12/2017

    Ønskjer med dette alle små og store ei riktig god jul, og eit godt nytt år!

    Minner om at barnehagen er stengd mellom jul og nyttår, og på planleggingsdagen 2.1.18. Vi ønskjer alle velkomne tilbake onsdag 3.1. 

    Bilderesultat for julenisse 

  • Førjulstid i barnehagen

    15/12/2017

    Jula nærmar seg, og aktivitetane i barnehagen er sjølvsagt påverka av dette. Vi lagar julekaker og fine ting til jul. Vi trekker pepparkakehjertekalendar og les og syng mykje om jula i samlingane våre. Onsdag denne veka gjekk Rødkløverane Luciatog her i barnehagen først, og så gjekk toget vidare til avdelingane på Hogatunet bu- og behandlingssenter.

    Torsdag var omtrent heile barnehagen av gårde for å underhalde på Hogatunet sitt julebord for bebuarane.  

    Og ikkje minst kosar vi oss med snøen som er komen. Endelig kan vi ake igjen!!!

     

     

     

  • Uteområde

    22/11/2017

    Som det vart sagt på foreldremøtet tidleg i haust, skal uteområdet vårt no utbetrast med ein del nytt utstyr. Planen var oppstart i september, men pga forsinkelsar frå leverandør, er oppstart utsett på ubestemt tid. Arbeidet startar så snart utstyr er kome på plass, og vær og føre tillet det. Vi gler oss til å få ny leikehytte og nokre nye leikeapparat på området vårt.

  • Årsplan

    22/11/2017

    No ligg årsplanane endeleg ute på nett. De kan finne både generell del, som gjeld frå 2017-2020, og spesiell del for inneverande barnehageår, nede til høgre på sida her.

  • Planleggingsdagar

    05/10/2017

    Vi minner om at barnehagen er stengd mandag 9.10 og tysdag 10.10 pga planleggingsdag.

  • Barnehageåret 2017-18

    11/08/2017

    Håpar alle har hatt ein fin sommar, og er klare for eit nytt barnehageår i Gjerdane barnehage! Vi gler oss til å sjå igjen alle dei "gamle", og vil ønskje alle nye hjarteleg velkomne til barnehagen vår!! Vi gler oss til å bli kjende med dåkke!  

    Minner alle om at barnehagen er stengd tysdag 15.08, pga planleggingsdag.  

  • Parkeringsplass

    16/06/2017

    Vi vil takke barn og føresette for å ha vist forståing og tålmod i forbindelse med omarbeiding av innkjørsel og parkeringsplass. Arbeidet tok noko lengre tid enn vi var forespegla, men vart veldig bra til slutt.

    Barnehagen fekk ny John Deer traktor i gåve frå Volda Maskin etter endt prosjekt. Grunnen til dette var at både små og store har vore flinke til å ta hensyn til arbeidet som pågjekk. Volda maskin har heile tida vore flinke å ta hensyn, og til å sette sikkerheten først.  

  • Omarbeiding av innkøyrsle og parkeringsplass.

    18/04/2017

    Bilderesultat for gravemaskin

     

    Ombygginga rundt oss går omsider mot slutten. Det neste som står for tur er no omarbeiding og utviding av parkeringsplassen vår. Frå torsdag denne veka vil dette arbeidet starte, og vi må då nytte den nye parkeringsplassen på austsida av barnehagen i nokre dagar (ca 1 veke). Dette gjeld både personale og foreldre som skal hente/levere i barnehagen. Det vil bli opparbeidd ein gangveg frå porten og ned til vegen som ein må nytte når ein går mellom parkeringsplassen på austsida og barnehagen. Parkeringsplassen som vi har no, vil bli avsperra med anleggsgjerder, for å sikre at ingen kjem til skade.

    Åsen og Øvrelid som skal gjere jobben, er veldig opptekne av at sikkerheten skal vere på topp rundt dette arbeidet, og vil legge alt til rette for at barn og foreldre skal kunne ferdast trygt. Dei er då avhengige av at både foreldre og personale respekterer deira grenser, og brukar den lille ekstra tida på å parkere etter anvisning og følgje barna trygt inn i barnehagen.

    På førehand takk, og hugs at det blir veldig mykje betre når dette arbeidet er gjort. J

     

    Mvh Tove

  • Påskelunsj

    06/04/2017

    I dag har vi hatt felles påskelunsj for alle tre avdelingane. Mange kokkar var i sving for å få til lunsjen, med baking,  tillaging av pålegg og pådekking av fine påskepynta bord. Maten smakte kjempegodt og det var god stemning rundt borda.

     

     

    Vil minne om at alle dei kommunale barnehagane i Eid er stengde i påskeveka.

    Ønskjer alle ei riktig god påske! 

      

     

     

  • Nokre glimt frå barnehagedagen vår

    12/01/2017

    I dag har vi vore ute og leika masse, og har aka på den lisje snøen vi har. Litt dårlig gli når ein kjem ned på, men innsatsen er i allefall stor.

    Når vi ikkje kan lage snømann ute, så må vi gjere det inne.

     Nokre har forska på vatn i dag. Kva skjer når ein blandar ting i vatn? Noko blandar seg, andre ting ikkje. Kva kan flyte i vatn? Og kva skjer når ein lagar bølger i ein liten stamp??? Jau, då blir ein jammen våte.

      

     

     

  • 23/12/2016

    Vi ønskjer alle små og store ei riktig god jul og eit godt nytt år!

    Minner om at barnehagen er stengd 2.1.17 pga planleggingsdag. 

  • Nissefest

    16/12/2016

    I dag har vi hatt nissefest her i barnehagen. Små og store kosa seg med graut, gjekk rundt juletreet og jammen kom nissen og nissekjerringa på besøk og!

     

     

     

     

     

  • Telefon

    13/12/2016

    Kontortelefonen er for tida ute av drift. For kontakt med barnehagen, ring ei av avdelingane eller Tove privat (tlf 95215829).

  • Resultat basar 2016

    14/11/2016

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Her kjem endeleg info om resultatet frå basaren vi hadde i oktober. Vi fekk inn kr 7441,-, som vi har sendt vidare til FORUT og fadderbarnet vårt Barno.

    Tusen takk til alle som støtta basaren vår!!

     

     

  • Årsplan

    14/11/2016

    De kan no finne årsplan for Gjerdane barnehage 2016-17 (spesiell del) nede til høgre på sida her.

    Der finn de og den generelle delen som varer frå 2014-17.

    Dersom nokon ønskjer å ha planen i papirform, er det berre å gje beskjed i barnehagen, så ordnar vi det. 

      

  • Brannvernveke

    02/11/2016

    I forbindelse med at vi har brannvern som tema denne veka, fekk vi i dag kjekt besøk av brannbilen her i barnehagen. Alle fekk sjå på bilen, og til og med prøve å spyle med brannslangen!! Ein av dei vaksne vart utstyrt med gul regndress, og vart blink for mange ivrige små brannmenn og -damer.

     

     

     

     

  • Basar

    21/10/2016

    Mandag 24.oktober arrangerer vi basar her i barnehagen. Vi held ope frå kl. 15-16.30. Inntekta frå basaren går til FORUT og fadderbarnet vårt, Barno.

    Håpar foreldre, søsken, besteforeldre og evt andre de ønskjer å ha med, har mulighet til å sette av litt tid ved henting denne dagen. Det blir sal av pølse m/brød, kaker, saft og kaffi.

    Når det gjeld parkering ber vi om at alle tek hensyn til trafikk til og frå den nye sjukeheimen, slik at vi ikkje er til hinder for dei som arbeider der. Dersom ein samordnar litt skyssen, slik at ikkje alle familiar kjem med fleire bilar, går nok dette fint. Det er og mulighet for parkering i nærmiljøet til barnehagen. Sjå utsendt info frå avdelingane.

     Vil ellers ønskje alle ei riktig god helg i fineværet med dette bildet frå uteleiken!!

     

  • Barnehagefotografering

    14/10/2016

    Det blir fotografering i barnehagen onsdag 9. november kl. 9.00 og utover. Det blir teke gruppebilde av alle tre avdelingane, og portrett av dei som ønskjer det. Gje beskjed til avdelinga om de ønskjer, eller ikkje ønskjer, portrettbilde av ditt barn.

    Bilderesultat for kamera

     

  • Planleggingsdagar

    30/09/2016

    Mandag 10.10 og tysdag 11.10 skal heile personalet på Nordfjord konferansen i Loen. Dette er ein konferanse for alle barnehagetilsette i Nordfjord, og ein viktig del av det fagleg påfyllet i barnehagane. Vi skal då høyre meir om ulike tema:

    - vaksenrolla i barnehagen

    - om det å vere "god nok"

    - vaksne for barn 

    -leikelyst - med rom for leik 

     

    Desse to dagane er planleggingsdagar i barnehagen, og barnehagen er difor stengd. Vi gler oss til lærerike kursdagar, og så er vi tilbake i vanleg drift igjen onsdag 12.10. 

      

  • Foreldemøte

    22/08/2016

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Det blir foreldremøte her i barnehagen tysdag 13.9 kl. 20.00-21.30. Meir info og innkalling blir sendt ut i månadsskiftet.

  • Velkomne til nytt barnehageår!

    15/08/2016

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Tysdag 16.august er vi klare for å starte på nytt barnehageår her i Gjerdane. Vi gler oss til å sjå igjen dei barna som allereie har gått her ei stund, og til å bli kjende med dei nye barna som skal starte. Vi skal gjere alt vi kan for at både nye og "gamle" barn skal få gode dagar her i barnehagen vår!

    Velkomne skal de vere! 

     

  • Vaskedag

    27/05/2016

    Små og store nytta i dag det flotte været til å ta ein god vask på grillhytta vår. Golvet vart teke ut og skrubba, og resten fekke seg og ei lita oppshining. Og med så mykje grønnsåpe i sving, er nok både små og store fine og reine til helga.

  • Besøk av ambulanse

    26/05/2016

    Onsdag denne veka var vi så heldige at vi fekk besøk av ambulanse her i barnehagen. Vi fekk sjå på alt spennande som var inne i ambulansen, og Hans Ole som jobbar på ambulansen, fortalde oss masse om kva dei ulike tinga var. Kjempespennande! Vi fekk og ein ambulansemaskot som kan lære oss kva vi skal gjere om nokon blir skada eller sjuke. Han heiter PilotBjørn. Takk til ambulansetenesta for at de kom på besøk!

     

  • Sykkeldag

    19/05/2016

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    I dag har Rødkløverane sykkeldag her i barnehagen. Dei har med seg syklar og hjelmar, eller lånar barnehagen sine, dersom dei ønskjer det. Parkeringsplassen er rydda for bilar og stengd av, og ei enkel sykkelbane er laga med kjegler og piler. Her er det om å gjere å halde tunga rett i munnen!

     

  • Vårfest 2016

    13/05/2016

    Endelig er dagen her for årets vårfest. Ekstra kjekt var det i år å få gå i tog med ny fane!!! Alle Rødkløverane var med og hjalp Tove med å bære fana, ved å bære duskane.Dei var kjempeflinke!

    Toget gjekk si vanlege rute, og mange kjende fjes å sjå langs ruta. Kjekt at foreldre og andre stiller opp og ser på det flotte toget!

    Den flotte fana vi har fått oss er laga på Eid vidaregåande skule av elevbedrifter der. Både motiv, utforming og stativ er produsert på skulen, og vi er veldig godt fornøgde!! Tusen takk til kjempeflinke elevar og lærarar!

  • Planleggingsdag

    04/05/2016

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vi minner om at barnehagen er stengd fredag 5.mai pga planleggingsdag. Vi ønskjer små og store ei god langhelg!

  • Nokre glimt fra kva vi styrer med i dag

    03/03/2016

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Lesestund på Gullfisken, før dei skulle ut på tur.

    På Marihøna teikna dei på laaaaange ark. :-)

    Og på Sommarfuglen spelte nokre spel, medan andre var begynt på påskepynten.

  • Teater på Sommarfuglen

    01/03/2016

    I dag hadde personalet på Sommarfuglen teaterframsyning for barna på avdelinga. Det dramatiserte eventyret Den vesle raude høna med stor innleving, og publikum såg ut til å kose seg.

    Førstkomande fredag gjentek vi suksessen og inviterer dei andre avdelingane på teaterframsyning.

     

     

     

     

     

  • Glimt frå karnevalet

    09/02/2016

    Fredag 5.2. hadde vi karneval her i barnehagen. Vi hadde først polynese for alle "dyra", deretter hadde vi felles karnevalssamling, vi dansa karnevalsdans og hjalp katta ut av sekken. Deretter kosa vi oss med fastelavnsbollar.

     

  • Nokre glimt frå barnehagen i dag

    03/02/2016

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Tida er no inne for førebuing til karneval og fastelavn. Som vi no har gjort i nokre år, lagar barna sine eigne kostymer, utifrå tema vi jobbar med fram mot karnevalet. I år har vi hatt mykje fokus på dyr, og då med mest fokus på dyra som ein finn i songen Dyrene i Afrika. Barna har sjølve bestemt kva dyr dei vil vere, korleis maske/kostyme skal sjå ut, og ikkje minst har dei laga kostymet sitt sjølve (med litt hjelp innimellom...). I dette arbeidet har vi og lært mykje om dyra, og funne stoff om dei både på nettet og i bøker.

    Og til karnevalet lagar vi sjølvsagt Fastelavnbollar og svarte kattar og.

     

     

  • Lucia

    14/12/2015

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    I dag har vi feira Lucia dagen som var i går. Rødkløverane kledde seg i kvitt og hadde lys, stjernehattar og krone. Dei gjekk Luciatog gjennom heile barnehagen, før dei tok turen til Eid sjukeheim og var Lucia for bebuarane der.

    Blåklokkene hadde på førehand laga Lussekattar som Rødkløverane delte ut.

     

     

  • 16/11/2015

    Takk til alle som kom og støtta basaren vår til inntekt for FORUT og fadderbarnet vårt, Barno. Vi fekk inn 6278 kr til dette gode formålet. Tusen takk!

     

  • Årsplan

    16/11/2015

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Årsplan for Gjerdane barnehage spesiell del 2015-16 er no lagt ut på sida her. Du kan finne den enten ved å sjå under dokumenter på menyen til venstre, eller klikke på linken som er på lista nede til høgre på sida.

  • Basar

    26/10/2015

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    I dag er det basar i barnehagen til inntekt for FORUT og fadderbarnet vårt, Barno. I den forbindelse vil vi be foreldre, og andre som kjem, om å tenke litt på at det er noko kaos på parkeringsforholda her pga bygging av ny sjukeheim. Det er difor fint om alle tenkjer på alternative parkeringsmuligheter, eller at de samordnar slik at kvar familie kjem med max ein bil. Vi håpar at vi kan arrangere basaren, utan at dette vert til hinder for andre som skal gjere jobben sin med store køyrety som skal inn vegen til sjukeheimen.

    På førehand takk!

  • Planleggingsdagar

    29/09/2015

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vi minner om at barnehagen er stengd pga planleggingsdagar mandag 5.10 og tysdag 6.10. Den første dagen blir brukt til fagleg oppdatering, og den andre til planlegging framover.

  • Foreldremøte

    13/09/2015

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText

    Vi minner om at det er foreldremøte her i barnehagen tysdag 15.september kl. 20.00 til seinast kl 21.30. Vi startar med ei felles økt for alle foreldra, og går så avdelingsvis og tek opp saker som gjeld kvar avdeling.

    Vi ønskjer alle nye og "gamle" foreldre velkomne!

  • Haustaktivitet

    13/09/2015

    I desse hausttider prøvar vi å bruke råvarer som vi finn i naturen og lage ting ut av det. På Sommarfuglen var det denne veka ei gruppe barn som var på besøk på Hjelle og plukka rips. Dagen etterpå brukte dei ripsa til å lage saft, som dei igjen fekk smake på.

    Ripsa er komne i saftkokaren, og vi ventar spent på kva som kjem ut...

    ...og til slutt kom det masse deilig raud saft ut!

     

     

  • Telefon

    04/09/2015

    Vi beklagar at det har vore litt tekniske problem med telefonane her i barnehagen i samband med overgang til ny leverandør. No er telefonane i orden igjen, og vi har framleis dei same nummera som før;

     

    Kontoret            95864013

    Sommarfuglen   97077313

    Marihøna           97116735

    Gullfisken           97128473

     

    Dersom de ikkje får svar på det nummeret de ringer til, er det berre å prøve eit av dei andre, så formidlar vi beskjedar.

  • Maling til klassisk musikk

    04/09/2015

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText

    På Marihøna var det stor maleaktivitet onsdag føremiddag. Rundt 15 barn satt rundt bordet og mala, og som inspirasjon til maleria sine hadde dei klassisk musikk frå Vivaldi.  God stemning rundt bordet, og kjekt å sjå kor ein kan finne roen med litt musikk attåt aktivitetane.

    Og ekstra kjekt å høyre når ein høyrer igjen same songen i leiken etterpå.

     

     

  • 11/08/2015

    Vi ønskjer alle, nye og "gamle" barn og foreldre, velkomne til nytt barnehageår her i Gjerdane barnehage tysdag 18.august.

    Minner om at barnehagen er stengd mandag 17. august pga planleggingsdag.

     

     

  • Litt sommarinfo

    06/07/2015

    Vi vil ønske alle, små og store, ein riktig god sommar! Nokre har allerede hatt ferie, medan andre skal snart begynne. Nokre av dei store har allerede slutta, og er klare for skulen, men vi har heldigvis nokre av desse kjekke Rødkløverane igjen i barnehagen ei stund til.

    Sommaren er ei tid som er litt anleis i barnehagen. Vi går litt vekk i frå faste planar, og tek dagane litt meir som dei kjem, alt etter korleis været er, og kor mange vi er i barnegruppa. Ungane syns t.d. det er stas å få vere med på litt praktisk arbeid som vasking av leikar og klargjering til nytt barnehageår.

    No når barnegruppene er litt mindre på sommaren, slår vi saman avdelingane og samarbeider på tvers av både alder og avdelingar. Det er kjekt å få vere på ei anna avdeling av og til, med "nye" leikar og mange nye leikekameratar!

    Minner om at barnehagen er stengt 17.august pga planleggingsdag. Første dag for nye barn, vert då tysdag 18.august.

    Takk for at vi har fått hatt denne kjekke gjengen med skulestartarar her hos oss, og lykke til vidare på skulen!

    Til alle dåkke andre kjekke Sommarfuglar, Marihøner og Gullfiskar ønskjer vi dåkke god sommar, og velkomne tilbake etter ferien. Vi gler oss til enda eit nytt barnehageår i lag med dåkke!

    Vi gler oss og til å bli kjende med dei nye barna som skal begynne her i barnehagen, og ønskjer dåkke hjertelig velkomne til oss!

     

    Sommarhelsing frå oss i Gjerdane

  • Og når sommaren lar vente på seg...

    10/06/2015

    ...må vi gjere det beste ut av dette regnet!!!  Med ein liten "dæsj" med Zalo og rikeleg med vatn, får ein masse kjekk leik!!!

     

     

  • Ut på tur...

    10/06/2015

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Eid har fått ny klatrepark som vi har besøkt masse sidan den opna i starten av mai. Ellers har vi og vore på turar i skog og mark i mai. Dette har vore alt frå småturar i nærmiljøet, til lengre turar som t.d. på Skårhaugsætra. Vi har og planar om tur til Fannstøylen på Stårheim med dei eldste.

     

  • Vårfesten 2015

    10/06/2015

    13. mai hadde vi vårfest, med det tradisjonelle barnehagetoget, og feiring i barnehagen etterpå. .

  • Sommarfest

    01/06/2015

    Utifrå værmeldingane ser det ut til å bli ein veldig fuktig ettermiddag. Vi har difor valt å utsette sommarfesten til i morgon (tysdag 2.6). Meldingane ser betre ut for ettermiddagen i morgon, men om det skulle bli regn, tek vi berre ei lita markering på dagtid, der dei eldste barna får utdelt gåve frå barnehagen. Denne markeringa vert evt kl. 11, og foreldra til dei eldste er hjarteleg velkomne dersom de har høve.

  • Våraktivitetar

    20/04/2015

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    No på våren nyt vi herlige dagar ute. Det er deilig å kunne springe ut berre i joggesko og jakke etter vinteren.

    Vi går mykje på tur for tida, og ser masse vårteikn. Det blir flotte bukettar med påskeliljer, vi studerer livet til makkar og insekter og mykje anna spennande.

     

    Og når sola skin og vi får lyst til å danse, dansar vi Fugledansen!!! :-)

  • Spa-samling på Gullfisken

    19/03/2015

    I ein travel kvardag er det godt å finne roen og stelle litt fint med seg sjølv. Dette har Gullfiskane gjort i dag. Dei har hatt spa-samling, med fotbad, levande lys og forfriskande servering (deilig frukt og bær, og litt vatn i koppen). Roleg og fin stemning, med passande musikk.

     

     

     

     

  • Karneval 2015

    18/02/2015

    Fredag 13.februar hadde vi karneval her i barnehagen. Tema for årets karneval var bokstavar, og alle fekk lage seg eigne kostymer. Alle skulle kle seg ut som noko som byrja på same bokstav som namnet sitt. Det vart mange kreative forslag til utkledning i førebuingane, når vi leita etter ord som byrja på barna sin bokstav.

     

     

     

  • Oppfølgingskurs innan kvalitetsarbeid

    02/02/2015

    Tysdag 27. og onsdag 28.januar var alle leiarane i barnehagen på oppfølgingskurs innan kvalitetsarbeid. Det var Marianne Zalik frå Triangel AS som heldt kurset. Vi hadde to svært lærerike dagar, med ein del oppfrisking av tidlegare kursing, og mykje nytt til vidare arbeid med kvalitet.

    Alle barnehagane i Eid deltek på denne opplæringa.

    Korleis vi jobbar med kvalitet, kan du lese meir om under Kvalitetssikring oppe til venstre på sida her.

     

     

     

     

  • Bursdagsfeiring

    26/01/2015

    "Apekatten Bongo-bongo..."

    Eit lite glimt frå underhaldninga på barnehagen sin bursdag.

  • GJERDANE BARNEHAGE 27 ÅR!

    23/01/2015

    Vi skal i dag feire at Gjerdane barnehage fyller 27 år!

    Små og store er no i full sving med å bake bursdagskaker, og vi håpar mange av foreldrene har tid til å stoppe litt ved henting. Kaffi/saft og kaker blir servert frå 14.30-16.30.

     

  • 23/12/2014

    Vi minner om at barnehagen er stengd fredag 2.1.15, pga. planleggingsdag.

  • Nokre glimt frå førjulstida i barnehagen

    23/12/2014

    I tida før jul har vi hatt ulike aktivitetar som er litt utanom den vanlege kvardagen vår.

    Vi har m.a. vore på julebord på Bryggen hotell med alle barna. Julebordet er ein tradisjon vi har her i barnehagen, som både små og store set pris på. Med vinterdress i snøstormen gjekk vi, med finkleda under, og vart mottekne på Bryggen av nisse-servitørar og flott dekka bord. På menyen hadde vi pølser med pommes frites, og etter maten kom nissen med is til oss. Kjempestas!

     
    På årets nissefest fekk vi besøk av den kjekke nissen som kjem til oss kvart år. Og jammen hadde han med seg nissekjerring og i år!
    Vi åt julegraut, gjekk rundt juletreet og kosa oss i lag med nissane.
     
     
     
     
    Vi ønskjer alle ei riktig god jul, og velkomne tilbake igjen på nyåret!!!

     

     

  • Førjulstid i barnehagen

    08/12/2014

    Jula nermar seg no med stormskritt, og aktivitetane i barnehagen dreiar seg no meir og meir om jul. Kvar dag har avdelingane adventssamling, men på litt ulike måtar, tilpassa alder. På storbarnsavdelingane føl dei boka Pulverheksa og julenissen, og får høyre korleis historia går dag for dag.  I tillegg har vi sjølvlaga pepparkakehjerter som ein trekkjer kvar dag, slik at alle får med seg eit hjerte heim i løpet av desember.

    På småbarnsavdelinga er det og trekking av kalender kvar dag. Der får dei kalendergåver til avdelinga.

    Fredag 12.12 går nokre barn frå Gjerdane på Lucia besøk til Eid sjukeheim.

    Tysdag 16.12 pyntar vi oss litt, og går på Bryggen hotel for vårt årlege julebord for barna.

    Onsdag 17.12 Blir det julegudsteneste for alle barnehagane i Eid kyrkje. Dei yngste barna er ikkje med på dette.  

    Torsdag 18.12 har vi nissefest i barnehagen. Dei som vil kan kle seg ut med nissekle eller nissehue. Vi går rundt juletreet, et julegraut, og kanskje er vi så heldige at nissen kjem og???

    Mandag 22.12 og tysdag 23.12 er barnehagen open med vanleg opningstid. Vi minner om at barnehagen er stengd julafta, og mellom jul og nyttår. I tillegg er barnehagen stengd fredag 2.1. pga planleggingsdag.

     

     Vil med dette ønske alle ei riktig god førjulstid!

  • Årsplan for Gjerdane barnehage

    21/11/2014

    Det ligg no link til årsplanen vår nede til høgre på sida her. Vi har valt å dele planen i to; ein generell del, som varer i 3 år, og ein spesiell del, som gjeld for barnehageåret 2014-15.

  • Besøk frå trafikkstasjonen

    07/11/2014

    Førskulegruppa fekk i dag besøk frå Nordfjord trafikkstasjon. Dei fortalde om kva ein må tenkje på når ein ferdast i trafikken;

    Det er viktig å bruke refleks for å bli sett i trafikken. Alle barna fekk utdelt refleks og vart oppmoda om at ein og må passe på at dei vaksne brukar refleks! Det vart og snakka om kor viktig det er å bruke sykkelhjelm når ein syklar, og bilbelte når ein sit i bil.

  • Brannbilen på besøk

    31/10/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    I dag har vi hatt besøk av Eid brannvesen og brannbilen Jupiter.

    Ungane fekk lære om kva det ulike utstyret på brannbilen blir brukt til, og så fekk dei prøve å spyle med brannslangen. Sissel fekk mykje god ryggmassasje av spylinga!

     

  • 31/10/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vi takkar for kjempegodt oppmøte på basaren vår sist fredag!

    Vi fekk inn over 7000,- som vi har sendt til FORUT prosjektet og fadderbarnet vårt Barno.

     

     

  • Basar

    21/10/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Fredag 24.10 kl 14.30-16.30, blir det basar i barnehagen. På basaren har vi masse flotte gevinstar som vi har laga. Det blir salg av kaker, kaffi/saft og pølser med brød.

    Håpar foreldre, besteforeldre og søsken har tid til å stoppe litt i barnehagen denne ettermiddagen.

  • Nye telefonnummer

    17/09/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Etter å ha hatt store problem med telefonen over lengre tid, og hatt løysing med vidarekobling til styrar sin telefon, har vi no endeleg ei ny løysing på plass!!

    Det vil no vere mobiltelefon på kvar avdeling,i tillegg til telefon på kontoret. Kvar avdeling har no eige nummer, så de kan ringe til den avdelinga de treng å få tak i. Dersom det ikkje svarar på avdelinga, er det berre å ringe kontoret, så overbringer Tove beskjeden til rett avdeling.

     

    TELEFONLISTE GJERDANE BARNEHAGE

    KONTOR 95864013

    SOMMARFUGLEN 97077313

    GULLFISKEN 97128473

    MARIHØNA 97116735

  • Fellessamlingar

    03/09/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    I dag har vi hatt fellessamling på tvers av avdelingane. Rødkløverane og Blåklokkene hadde samling oppe, og Solsikkene og Gullfiskane hadde nede.

    Masse kjekke aktivitetar og god stemning! Flott sang og musikk frå begge gruppene!

    Slike samlingar kjem vi til å ha ein gong i månaden framover.

  • Foreldremøte

    03/09/2014

    Det blir foreldremøte i barnehagen onsdag 17.09 kl 20 til seinast kl.21.30. Innkalling kjem pr epost, eller i papirform for dei som har ønske om det.

  • Telefon

    21/08/2014

    Vi beklagar at telefonsystemet i barnehagen framleis er noko redusert. Vi jobbar no med å få på plass eit nytt telefonsystem, men inntil vidare er barnehagetelefonen vidarekobla til Tove sin telefon.

    De kan no nytte det vanlege barnehagenummeret, 57 86 12 59, så får de kontakt med Tove, som vidareformidlar beskjedar til avdelingane. 

    Vi håpar utfordringane vi har hatt med telefonane snart vil løyse seg.

  • Nytt barnehageår

    18/08/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vi ønskjer små og store velkomne til nytt barnehageår her i Gjerdane!

  • 11/08/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText



     

    Vi beklagar at barnehagen framleis er utan telefon etter øydeleggingar etter lyn og torevær tidlegare i sommar. Vi ventar på ein del som skal skiftast for å få telefonen i orden igjen.

     

    I tida fram til ein får dette i orden kan de nytte dette nummeret: 952 15 829 (Tove) for kontakt med barnehagen.

    Tove J



     


























     

  • Planleggingsdag

    07/07/2014

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Minner om at barnehagen er stengd fredag 15.august, grunna planleggingsdag.

  • Sommarhelsing

    02/07/2014

    Vi i Gjerdane ønskjer alle, små og store, ein riktig god sommar! Takk for godt samarbeid i året som har gått!

    Til den gjengen som no skal over i skulen, seier vi lykke til vidare, og tusen takk for den tida vi har fått hatt dåkke her!

    Vi vil og ønskje velkomne alle dei nye som begynner her i midten av august! vi gler oss til å bli kjende med både små og store.

     

  • Sommarfest

    10/06/2014

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText

    Fineværet varer, og vi set av ettermiddagen til sommarfest her i Gjerdane barnehage. Avdelingane har tidlegare informert om sommarfesten, men skriv likevel ei lita påminning her. :-)

    Vi fyrer opp grillane slik at dei er klar til grilling litt etter klokka 17. Familiane tek sjølve med mat og drikke, og så kosar vi oss med sosialt samvære her i barnehagen. Det vil bli underhaldning av barnehagebarna ca 17.15, og ei lita markering rundt dei barna som skal gå over i skulen.

    Vi gler oss til å kose oss i lag med både små og store utover ettermiddagen!

    Velkomne!!!

     

     

  • Vårfest!

    07/05/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Den årlege vårfesten til barnehagane i Eid blir i år 16.mai. Alle barnehagane møtest då til barnehagetog, i lag med nokre av korpsa. Vi startar ved Eid barnehage, går ned til Cubus, så gjennom Eidsgata til kyrkja, og går så Lotevegen tilbake til Eid barnehage/rådhuset.

    Etter toget går vi i Gjerdane tilbake til barnehagen, og fortset feiringa der med pølser og is.

    Vi kryssar fingrane for flott mai-vær denne dagen, slik at vi kan ha festen ute i barnehagen.

     

  • 30/04/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Etter ein lang periode med nesten sommarvær, vart både små og store litt overraska når det begynte å snø i barnehagen i dag! Det vart plutseleg kaldt og surt, så det var godt å ha på både dress og vottar for enkelte. Pass på at her er kle til ulikt vær tilgjengeleg slik at barnehagedagen blir god for barnet ditt.

    I dag er det litt forskjellige aktivitetar på gang her i barnehagen: Nokre lagar bursdagsmiddag, nokre har førskulegruppe, ei gruppe er på gardsbesøk på Hjelle, og nokre er ute i barnehagen og leikar.

     

  • Påska 2014

    14/04/2014

    Vi minner om at barnehagen er stengd i påskeveka, og held stengt til og med 2.påskedag (21.04). Ønskjer alle små og store ein riktig god påskeferie!!!

     

  • Barnehageruta 2014-15

    19/03/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Barnehageruta for 2014-15 er no vedteken og lagt ut under fana Barnehageruta til venstre her på sida.

  • Besøk av bossbilen!

    19/03/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Nokre av barna her i barnehagener er veldig interesserte i bossbilen, og leikar stadig vekk at dei jobbar i denne bransjen. Derfor tok barnehagen kontakt med Retura, og fredag 14.mars var vi så heldige at vi fekk besøk av to bossbilar her i barnehagen!!! Stor stas!!

    På denne linken kan du  sjå nokre bilder, og lese meir om besøket:

    /db/dokumenter/www.gjerdane.barnehageside.no/filer/RETURA.pdf

     

  • GJERDANE OL 2014

    14/03/2014

    Klikk på linken under, så kan de sjå og lese litt frå OL arrangementet vårt.

    /db/dokumenter/www.gjerdane.barnehageside.no/filer/OL.pdf 

  • Litt om aktivitetane vi skal ha i mars

    03/03/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Mars månad er godt i gang, og vi nærmar oss dagen for barnehagekinoen "Karsten og Petra på vinterferie". Denne skal vi få sjå på operahuset fredag 7.mars.

    Snøen lar framleis vente på seg, så no har vi funne ut at Gjerdane OL må gå av stabelen som eit barmarks-OL. Vi lar oss ikkje stoppe av snømangelen, og har store planar om å avvikle fleire OL-greiner. Vi skal m.a. ha bob, slalom, stafett og "skyting".

    Vi har nokre barn her i barnehagen som er veldig interesserte i bossbilar. Derfor har vi teke kontakt med dei, og invitert eit par bossbilar på besøk her i barnehagen. Dei ville gjerne kome, og tar turen hit fredag 14.mars. Mange som er begynt å gle seg allereie!!

    17.mars kjem studentane våre frå Høgskulen i Volda, Kim Cato og Sara,  tilbake til Marihøna. Dei skal vere her fram til påske.

    3.og 4.mars skal Roger, Marry-Ann, Bodil og Brit på spanande kursdagar for assistentar med den dyktige førelesaren innan barnehagefaget,  Kari Pape.  

  • Barnehagen 26 år!

    20/01/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Fredag 24.januar feirar vi barnehagen sin 26. bursdag! Dette feirar vi med å invitere til foreldrekaffi frå kl. 14.30 og utover. Klokka 15.15 vil vi ha litt underhaldning. Håpar mange har anledning til å ta seg tid til litt kaffi og kaker ved henting denne dagen, og sjå og høyre på  underhaldninga.

    Velkommen!

     

  • Karnevalsforberedelsar

    14/02/2014

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Tida er snart inne for det årlege karnevalet her i barnehagen.  Dei siste åra har vi laga kostymene våre sjølve, utifrå tema som vi har. Vi har berre positive erfaringar med at alle får vere med på å lage sitt eige kostyme. På denne måten unngår ein kjøpepress, og ikkje minst den konkurransen som oppstår mellom barne om kva kostyme som er mest populære. Og så er det jo så kjekt å få til å lage sjølv!

     I år har vi tema årstidene, noko som og skal vise igjen på karnevalet. Alle tre avdelingane er godt i gang med å lage kostymer. Nokre har laga hattar, andre har laga kjolar og ponchoar. Her ser de kor flinke dei har vore å jobbe!

     

     

  • 01/01/2014

    Vi ønskjer alle, små og store, eit riktig godt nyttår, og minner om at barnehagen er stengd torsdag 2.1.14 pga planleggingsdag. Fredag er det ope som vanleg.

     

     

     

     

     

     

  • Nissefest

    19/12/2013

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    I dag har vi hatt den årlege nissefesten her i barnehagen. Vi åt nissegraut, gjekk rundt juletreet, og jammen var vi så heldige at sjølvaste julenissen kom i år og!

     

     

     

     

  • Førjulstid i barnehagen

    27/11/2013

    Vi nærmar oss adventstid, og vi vil her informere litt om kva planer vi har for denne tida vi har føre oss.

    Kvar mandag i adventstida møtes alle tre avdelingane til adventssamling. Her har kvar avdeling ansvar for "programmet" til ei samling, og framfører for dei andre avdelingane. Felles for alle desse samlingane er at vi tenner lys og trekker kalender. Dette brukar å vere ei høgtideleg stund, der vi kosar oss med felles opplevingar både store og små.

    10.desember går vi på barnehagejulebord på Nordfjord hotell kl. 11. Då får vi servert pølser med pommes frites, og kanskje kjem nissen med is??? Dei som vil kan ta på seg litt pynta kle, men kanskje ikkje finaste finstasen, då det fort kan bli ein liten flekk av ketchup...

    Fredag 13.desember går Rødkløverane Lucia. Først går dei ein runde på alle tre avdelingane her i huset, og etterpå går dei på Lucia-besøk til sjukeheimen. Lussekattane som blir serverte er baka av Blåklokkene på begge avdelingane.

    Onsdag 18.desember er vi inviterte på Julegudsteneste i Eid kyrkje.

    Torsdag 19.desember lagar vi til Nissefest her i barnehagen. Då står det sjølvsagt julegraut på menyen, og viss vi er heldige, dukkar sjølvaste julenissen opp i år og!

    Minner elles om at alle dei kommunale barnehagane held stengt i romjula.

    Ønskjer alle ei roleg og fin førjulstid!

     

     

     

  • Spesialpedagogisk plan 2013-17

    08/11/2013

    Eid kommune har no ein oppdatert plan for opplæringstilbodet for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Du finn link til denne planen nede til høgre på sida her.

  • Fokusområde

    08/11/2013

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vi er no inne i ein bolk i kvalitetsutviklingsprogrammet Beste praksis, der vi set ekstra fokus på Den språkutviklande kvardagssamtalen. Dette er eit felles fokusområde for alle barnehagane i Eid, og vi har saman kome fram til fire standardar som seier kva som kjenneteiknar god kvalitet innan dette fokusområdet.

    Dei fire standardane er:

    • Dei vaksne er gode språkmodellar
    • Dei vaksne støttar og forsterkar barnet i samtale
    • Dei vaksne tek seg tid til kvardagssamtaler
    • Alle barna får bidra med sitt språklege uttrykk

    Under kvar av desse standardane jobbar kvar avdeling seg fram til arbeidsmåtar for å kunne jobbe opp i mot desse standardane for god kvalitet.

    Meir om korleis kvar avdeling jobbar med dette fokusområdet kan de sjå i flipover-rammene på avdelinga, eller snakke med personalet.

  • Tusen takk!

    25/10/2013

    Tusen takk til alle som var med på basaren og samla inn pengar til FORUT og fadderbarnet vårt. Pengane er no sendt vidare, så får vi håpe at vi på denne måten får hjelpe mange barn til ein betre kvardag og skulegang. Tusen takk for hjelpa!

  • Basar

    22/10/2013

    Torsdag 24.oktober arrangerer vi basar her i barnehagen. Vi opnar kl.14.30 og stenger basaren kl. 16.30. Inntektene frå basaren går til FORUT, og vi har jobba ein del med tema "Barn i andre land" i forkant av basaren. Det blir høve til å kjøpe lodd med flotte gevinstar som barna har laga, og det vert og høve til å kjøpe pølser med brød, kaffi og kaker.

    Velkomne!

  • Årsplan

    21/10/2013

    No finn du årsplanen vår på linken nede til høgre på sida her.

  • Kreativ kveld

    17/10/2013

    Onsdag 16.10 hadde vi i personalet ein kreativ kveld her i barnehagen. Vi fann inspirasjon på nette og frå forskjellige kurs vi har vore på, og lagde masse spennande effektar. Desse skal vi m.a. bruke når vi fortel eventyr, har magiske samlingsstunder eller har andre dramaaktivitetar. 

     

     

  • Helikopterbarna.no

    03/10/2013

    Barnehagen er no med i eit prosjekt som heiter helikopterbarna.no. Dette er eit opplegg i regi av Norsk luftambulanse. Prosjektet går ut på å opplyse og lære barn om enkel førstehjelp, og korleis ein skal gå fram dersom nokon er sjuke eller skada.

    Onsdag denne veka hadde vi besøk av Hans Ole Hjelle som er representant for luftambulansen her i dette prosjektet. Han viset oss mykje om førstehjelp, snakka om kva ein skal gjere dersom det oppstår ei ulykke eller nokon vert sjuke, og han viste oss kor viktig det er å bruke sykkelhjelm når vi er ute og syklar. Fleire av barna var framme og fekk prøve å stabilt sideleie, både som pasient og som livreddar.

    Til dette opplegget føl det faktaark om ulike tema ca 3 gonger i året. Desse vil vi då sende ut til foreldra, enten som epost eller i papirform. Desse tek opp m.a. sikring av barn i bil, sikring av barn i trafikken osv. Det er då fint om de snakkar litt med barna om desse faktaarka.

     

  • Foreldremøte

    11/09/2013

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText



     

    Innkalling
    til foreldremøte



     

    tysdag
    17.09.2013



     

    kl.20.00
    til seinast 21.30





     

    Vi
    ønskjer alle foreldre velkomne til foreldremøte i Gjerdane barnehage. Vi deler
    foreldremøtet i to delar; første del er felles info som gjeld alle tre
    avdelingane. Andre del går vi avdelingsvis og tar opp ting som gjeld den
    enkelte avdelinga.





     

    Saker:



     

    1. Presentasjon av
    personalet



     

    2. Bilder frå
    barnehagekvardagen



     

    3. Info frå barnehagen



     

    4. Årsplan



     

    5. Val



     

    6.
    Avdelingsvise møte





     


























     

  • Nytt barnehageår

    14/08/2013

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText

    Vi ønskjer alle, nye og gamle, Marihøner, Sommarfuglar og Gullfiskar velkomne til nytt barnehageår mandag 19.08!

    Det er f.o.m. denne dagen endra opningstid i barnehagen, og vi har no ope frå 6.45 til 17.00.

  • Planleggingsdagar

    14/08/2013

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Minner alle om at barnehagen er stengd torsdag 15.8 og fredag 16.8 grunna planleggingsdagar.

  • Barnehageruta 2013-14

    08/07/2013

    Barnehageruta for 2013-14 er no lagt ut på sida her. Du finn den ved å klikke på "barnehageruta" til venstre på sida. 

  • God sommar!

    05/07/2013

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    No er tida komt for sommarferie for store og små, nokre er begynt, mens andre skal ha litt seinare ferie. Eg vil difor nytte høvet til å ønskje alle, store og små, ein riktig god sommar! Dei som skal begynne på skulen vil eg ønskje masse lykke til! Vi kjem til å sakne dåkke, men veit at de er klare for nye utfordringar. Lykke til med ei spennande tid!!!

    Og no når skulestartarane "reiser" i frå oss, får vi plass til nye, litt yngre barn, som vi ønskjer hjertelig velkomne! Vi gler oss veldig til å bli kjende med dåkke alle!

    Vil ønskje dåkke alle, små og store, "nye" og "gamle", ein riktig god sommar!!!

             Tove

     

  • Sommerfest

    02/06/2013

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText
    Den årlege sommerfestival blir mandag 3.junii kl.17, som informert om tidlegare, så lenge det blir opphaldsvær. Alle familiane tek med ønska mat og drikke sjølve, så ordnar vi i barnehagen med grill. Det vil bli underhaldningsinnslag fra barnehagebarna, og dei eldste barna vil få ei lita helsing fra barnehagen. Håpar mange har tid og lyst til å delta på sommarfesten, og at vergudane og er med oss, slik at vi får ei kjekke stund. I tilfelle dårleg vær, flyttar vi festen til tysdag.

  • Dugnad 2013

    02/06/2013

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText
    Tusen takk til alle som stilte opp og gjorde ein kjempejobb for barnehagen forrige mandag og tysdag!

  • Vårfest og barnehagetog

    22/04/2013

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vi nermar oss mai, og vi har sett opp årets vårfest på planen. Den store dagen blir i år 15.mai. Vi stiller opp bak Eid rådhus, og har avmarsj kl. 11. (NB! Merk tida! Litt endring i fht tidlegare år).

    Vi får med oss korpsa i kommunen, og alle barnehagane stiller på, så det blir også eit langt fint tog av flotte barnehagebarn å sjå i Eid sentrum. Sidan vi i Gjerdane har 25 års jubileum i år, får vi gå fremst i toget. Og kanskje er nokon så heldige at dei får gå i lag med politiet??? :-)

    Etter toget går vi tilbake til barnehagen, og feirar vidare her med pølser, saft og is.

    Dei som ikkje har dag denne dagen, er hjertelig velkomne til toget og festen i følgje med ein vaksen!

     

  • Show på hestesenteret

    22/04/2013

    Vi er blitt inviterte til show på hestesenteret mandag 29.april kl. 11.00-12.30. Showet er i regi av Hestelinja på Fjordane folkehøgskule. Vi går med dei to eldste årstrinna. Vi gler oss!!!! :-)

  • Teaterførestilling

    22/04/2013

    Fredag 26.april får vi besøk av Sogn og Fjordane teater. Dei vil spele førestillinga "Ha det på badet!" til oss. For meir info, sjå http://www.softeater.no/

  • Påskeferie

    04/03/2013

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Minner om at alle dei kommunale barnehagane i Eid held stengt i påskeveka (veke 13).

  • Barnehagekino

    04/03/2013

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    I forbindelse med barnehagedagen 2013, blir det arrangert kino for alle barnehagane i Eid. Vi er så heldige at vi skal få lov til å sjå filmen Karsten og Petra blir bestevenner! Sidan det er begrensa med plass i kinosalen, deler vi opp i 2 forestillingar. Vi i Gjerdane skal få sjå filmen mandag 11.mars kl. 11, i lag med Eid barnehage og Stårheim barnehage.

    Dette tilbodet gjeld kun storbarnsavdelingane i alle barnehagane.

     

     

  • Tema Hakkebakkeskogen

    16/01/2013

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vi er no inne i ein bolk der vi jobbar med Kunst, kultur og kreativitet. Vi har valt å jobbe mykje med dyra i Hakkebakkeskogen av Torbjørn Egner. Dette temaet har vi valt fordi det er spennande og fengande, ein kan jobbe med det på så utrulig mange måtar, og ikkje minst er dette i vinden pga Egner-jubileumet som er i år.

    Vi les, dramatiserer, lærer om dei ulike figurane i Hakkebakkeskogen, syng songane og har ulike formingsprosjekt knytte til dette temaet. Mellom anna jobbar vi no med å lage karnevalskostymer som er inspirerte av dyra i Hakkebakkeskogen.

    På barnehagen sin bursdag no i januar skal vi opptre med song og dramatisering i bursdagssamlinga.

  • Gjerdane barnehage 25 år!!!

    16/01/2013

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    25.januar er det 25 år sidan barnehagen vår vart starta. Vi har invitert dei som jobba her ved oppstart, aksjonærane frå oppstarten, ordførar og kommunalsjef til å feire i lag med oss på føremiddag. Planen er då å ha ei felles samling der barna står for underhaldninga, og etterpå et vi bursdagslunsj i lag.

    På ettermiddagen inviterer vi til foreldrekaffi. Dette kan de lese meir om på oppslag i garderobene i barnehagen. Håpar mange har tid til ein kaffikopp og litt kake ved henting!

     

     

  • 21/12/2012

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vi ønskjer alle små og store ei riktig god jul, og velkomne tilbake til barnehagen etter nyttår! Første dag for barna etter nyttår blir torsdag 3.januar, då barnehagen er stengd 2.1 pga planleggingsdag/kursdag for personalet.

    God jul, og ha ein fin juleferie!

     

  • Førjulstida her i Gjerdane

    29/11/2012

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vi går snart inn i julemånaden, desember, og vil her fortelje litt om planane våre for denne førjulstida. Alle tre avdelingane har sin eigen adventskalendar, og sine eigne tradisjonar for korleis deira adventsstunder skal vere. Kvar mandag i adventstida samlar vi alle barn og vaksne frå alle avdelingane til felles adventsstund, med sang, forteljing og dramatisering frå barna på dei ulike avdelingane.

    Tysdag 11.12 blir det julebord på Nordfjord hotell for heile barnegruppa. Dei barna som har fri denne dagen, kan kome til hotellet og møte oss der dersom dei ønskjer å vere med. Dette er ein tradisjon vi har hatt i nokre år no, og er ei veldig hyggelig og stemningsfull stund for både barn og vaksne.

    Torsdag 13.12 går vi Lucia rundt i barnehagen, og på besøk til sjukeheimen.

    Onsdag 19.12 er det julegudsteneste for aklle barnehagane i Eid kyrkje kl. 10.00. Rødkløverane våre skal då vere med på dramatisering av Julekveldsvisa.

    Torsdag 20.12 skal vi kle oss i nissehuer og ha Nissefest her i barnehagen. Vi kosar oss med julegraut, går rundt juletreet og kanskje kjem nissen i år og???

     

    Som de ser har vi mykje å gle oss til i førjulstida, men vi legg og stor vekt på å finne roen og nyte førjulstida. Dagane skal vere prega av mykje leik og kjekke aktivitetar.

    Minner om at barnehagen er stengd mellom jul og nyttår, og i tillegg er det planleggingsdag onsdag 2.januar.

    Ønsker alle, små og store, ei fin førjulstid!

     

  • Årsplan for Gjerdane barnehage

    14/11/2012

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText

    Årsplanen vår er no lagt ut. Du finn link til den nede til høgre på denne sida.

  • Klare sjølv - på og avkledning!

    14/11/2012

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    I kvalitetsutviklingsprogrammet Beste praksis, jobbar vi no med fokusområdet "Klare sjølv, På- og avkledning". I dette fokusområdet legg vi vekt på at barna skal få lov til å bli sjølvstendige, få mestringskjensle av å klare sjølv, og vi legg vekt på å tilrettelegge for at situasjonane i garderoba skal bli gode stunder. For å få til dette er det mange ting som spelar inn; vi må ha oversikt og system i garderoba, personalet må la barna få prøve sjølve, rettleie og hjelpe barna når det trengs, og vi må setje av god tid til på- og avkledningssituasjonane. Barna blir oppmuntra til å prøve sjølve først, for så å få hjelp dersom det trengs.Det er stas å klare sjølv, og barna viser stor meistringsglede når dei får til stadig meir sjølv. 

  • Velkomen til foreldremøte!

    21/08/2012

    Vi ønskjer alle foreldre velkomne til foreldremøte her i barnehagen tysdag 11.09.12 kl. 20.00.

    Vi tek først opp saker som gjeld heile barnehagen, for så å gå avdelingsvis for vidare møte der.

    Saker:

    1. Presentasjon av personalet

    2. Bilder frå barnehagekvardagen

    3. Info om barnehagen

    4. Val

    5. Årsplan

    6. Avdelingsvis info som gjeld kvar einskild avdeling og barnegruppa der.

     

             VEL MØTT!

     

  • 21/08/2012

  • 21/08/2012

    Ved barnehagestart dette året startar vi med 43 barn i alderen 1-6 år, fordelt på dei tre avdelingane; Marihøna, Sommarfuglen og Gullfisken. Avdelingane legg planar utifrå  tema som er valde ut i frå Rammeplan for barnehagar. I arbeidet blir barna grupperte inn i mindre grupper, både innad på avdelinga og på tvers av avdelingane.

     

    Kvar torsdag deler vi inn i grupper på tvers av avdelingane, og har desse namna på gruppene;

          Rødkløverane = 2007 modellane på Sommarfuglen og Marihøna

          Blåklokkene = 2008 modellane på Sommarfuglen og Marihøna

          Solsikkene = 2009 modellane på Sommarfuglen og Marihøna

          Revebjellene = 2010 modellane på Sommarfuglen og Gullfisken.

     

    Personale frå alle avdelingane vil vere innom gruppene, og det blir rullering på kven som har ansvar for opplegg, i løpet av heile året. Plassering av gruppene vil og rullere gjennom året; ei gruppe på Sommarfuglen, Ei gruppe på Marihøna, ei gruppe på fellesrommet/snekkerbua og ei gruppe er ute/på tur.

     

    Målet vårt med desse gruppene på tvers av avdelingane er at barna skal bli godt kjende med dei som dei er jamnaldrande med,  bli trygge på alle dei vaksne i barnehagen og at alle skal få eit variert tilbod på gruppa i høve aktivitet og plassering.

    Meir om planar og organisering kan de lese i Årsplan for Gjerdane barnehage når denne kjem ut.

  • 21/08/2012

    Vi ønskjer alle nye og "gamle" barnehagebarn velkomne til nytt barnehageår! Vi gler oss til å sjå igjen dåkke som har gått her ei stund, og gler oss veldig til å bli kjende med alle dei nye!

  • Litt info om neste barnehageår

    28/06/2012

    Vi nærmar oss slutten på dette barnehageåret, og vil her informere litt om neste barnehageår som startar 15.august. Kvart barnehageår startar alltid med ein planleggingsdag for personalet. Denne dagen vert i år onsdag 15.august, og barnehagen vil då vere stengd. Første dag for nye barn vil då bli torsdag 16.august. Vi gler oss til å møte igjen alle dei "gamle", og til å ta godt i mot alle dei nye barna som skal begynne i barnehagen vår! Alle nye skal ha fått tilsendt info om barnehagen, men om det er noko de lurer på, er det berre flott om de tek kontakt med oss.

     

    Set her opp ei oversikt over personalet på avdelingane slik det blir neste barnehageår:

             Gullfisken (o-3 år):

                Ped.leiar:                       Laila Dahlgren 80% 

                                                      Marte Starheimsæter 20%

                Fagarbeidar/Assistent:   Elna Aaning Olsen

                                                        Haldis L. Nesbakk

                                                        Doris Stave Kolseth

     

              Sommarfuglen (2-6 år):

                 Ped.leiar:                      Torill Espelund 100%

                 Fagarbeidar/Assistent:     Mette N. Hjelle

                                                           Bodil Nygård

                                                           Elna Aaning Olsen

                                                           Haldis L. Nesbakk

     

             Marihøna (3-6 år):

                 Ped.leiar:                     Sissel Høynes 80% 

                                                      Marte Starheimsæter 20%

                 Fagarbeidar/Assistent: Marry Ann Vambeseth 

                                                      Roger Nygård

                 Støtteassistent:             Brit Moheim

     

                 Spesial pedagogar: Marit Remme

                                                 Grethe Nyland

     

               Styrar:  Tove Hanebrekke Starheimsvik 100%

     

  • Sommarinfo

    11/06/2012

    Onsdag 6.juni hadde vi sommarfest her i barnehagen. Kjekt at så mange små og store møtte opp og deltok på Sommarfesten i skikkelig sommarvær! Vi hadde ei fin stund med grilling, sang og underhaldning av barnehagebarna, og utdeling av gåver til Rødkløverane våre. Vi i barnehagen vil og takke Rødkløverane for den flotte gåva vi fekk frå dåkke!

    Dagen etter, torsdag 7.juni, var det ein etterlengta og spennande dag for dei eldste i barnehagen; Overnatting for Rødkløverane! Det var ein spent gjeng som møtte opp i barnehagen seint på ettermiddagen. Med sovepose, tannbørste og kosebamse kom det 20 spente barn hit og hadde ein fin kveld og natt her. Kvelden begynte med skattejakt etter Kaptein Sabeltann sin skatt, så lagde alle sin eigen pizza, og etterpå såg vi film. Etter noken timar på puta stod vi opp til ein deilig frokost med Marry Ann sine nybakte rundstykker.

    Vi takkar denne gjengen med Rødkløverar og foreldra for ei fin tid i lag, og ønskjer dåkke alle ein god sommar og lykke til på skulen!

    Vil og ønskje alle andre Sommarfuglar, Marihøner og Gullfiskar ein riktig god sommar, og velkomne tilbake til etter ferien!

     

  • Påminning

    16/05/2012

    Vi minner om at barnehagen er stengd fredag 18.mai, då dette er planleggingsdag for alle dei kommunale barnehagane.

  • Vårnytt

    16/05/2012

    Etter påske starta vi på eit nytt satsingsområde; Natur, miljø og teknikk. Hittil har vi sett på vårteikn,  vi har studert insekter og livet i fjæra, vi har lært litt om fuglar, og vi har planta frø som skal bli til fine blomster.

    I begynnelsen av mai vart vi inviterte på hesteshow på hestesenteret, og 5 og 6 åringane fekk sjå dette showet. dei yngste gjekk på hesteutstilling og såg på hestane der.

    I dag skal alle barnehagane ha den årlege vårfesten, og det gler vi oss veldig til! Vi møtest då i sentrum og går i tog i lag med dei andre barnehagane og 3 musikkkorps. Ser ut til at veret held seg fint i dag, så når vi kjem tilbake i barnehagen skal vi kose oss med pølser, saft og is ute.

     

  • Påminning om påskeveka

    29/03/2012

    Vi minner om at alle dei kommunale barnehagane i Eid held stengt i dagane før påske. (2., 3. og 4. april). Dette er nytt i år, og har blitt satt i verk som følge av vedtak i kommunestyret.

    Barnehagane held og stengt fredag 18.mai pga planleggingsdag.

  • Trollfest!

    22/02/2012

    Sist fredag hadde vi karneval her i barnehagen. Sidan vi har jobba mykje med troll i det siste, valde vi å lage eit alternativt karneval med berre troll; Ein trollfest! Barna har laga kostyma sine sjølv av strie, lappar til pynt, og tvinna sin eigen hale. Kjempekjekt å kunne kle seg i kostyme som var heilt sjølvlaga! Vi har og laga kulisser på veggane, og til og med laga ein stor Lurvelegg som heng på eine avdelinga.

    På trollfesten hadde vi dramatisering av eventyr, trolldans til Dovregubbens hall, vi slo katta ut av sekken og åt nydelege sjølvlaga fastelavnsbollar.

     

  • Språk, tekst og kommunikasjon

    13/01/2012

    No i januar har vi begynt på ein ny bolk der vi jobbar med Språk, tekst og kommunikasjon. Vi jobbar mykje med eventyr på alle tre avdelingane, og legg vekt på at vi skal bruke språket aktivt. For dei yngste legg vi vekt på å bli kjende med dei tradisjonelle eventyra våre,  og gjerne få prøve å vere med å dramatisere litt eventyr. På avdelingane Marihøna og Sommarfuglen kjem vi til å ha litt meir avanserte opplegg rundt tema; vi fortel mykje eventyr, diktar eventyr sjølv, skriv eventyrbok, syng songar med troll og eventyr som tema, vi dreg trolltema inn i formingsaktivitetar, og vi set fokus på at alle skal få mulighet til å fortelje for dei andre, og samtale rundt desse eventyra. Gjennom dette arbeidet ønskjer vi å formidle mykje av den store kulturskatten vi har i eventyra, men også presentere barna for meir moderne stoff. Av meir moderne troll kan vi nemne trollet Tambar som er eit troll på alder med barnehagebarna, og som dei lett kan identifisere seg med. :-)

    Språk, tekst og kommunikasjon kjem til å vere det vi har hovudfokus på frå januar til mars, og  vi tek det og med oss når vi har karneval 17.februar. Til det lagar vi oss trollkostymer her i barnehagen, og karnevalsdansen blir sjølvsagt m.a til Dovregubbens hall. :-)

     

  • Barnehagen har bursdag!

    11/01/2012

    Onsdag 25.januar blir barnehagen 24 år. Dette vil vi feire med å invitere foreldra til kaffi og kaker ved henting denne dagen. Sjå oppslag på avdelingane.

     

  • 22/12/2011

    Små og store i Gjerdane barnehage ønskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!!!

     

  • Jula 2011

    22/12/2011

    No nærmar jula seg, og vi er ferdige med alle førjulstradisjonane våre her i barnehagen. Vi har hatt julebord med masse festkledde ungar, Lucia-feiring, Nissefest, adventsamlingar, julebakst og så har vi laga mykje fint og litt hemmelig til jul...

    Luciafeiring har vi ikkje hatt her i barnehagen på mange år, men vi valde i år å ta opp igjen den feiringa. Dei eldste på Marihøna fekk gå Lucia, mens Sommarfuglane fekk stå for baking av Lussekattar i år. Det flotte Luciatoget gjekk gjennom alle avdelingane i barnehagen, og tok seg og ein tur nedom sjukeheimen og sang for dei som bur der. Det sette dei gamle veldig stor pris på!

    På nissefesten fekk vi besøk av ein skikkelig trivelig, og heilt ekte nisse som kom heilt frå Nordpolen!!! Vi prata masse med han, song til han og han hadde med ein overraskelse til alle i barnehagen! Skikkelig stas å få besøk av ein heilt ekte nisse, og vi håpar at vi er like snille til neste år, slik at han vil kome igjen då og!!!

     

    NB! Vi minner om at barnehagen held stengt mandag 2.januar pga planleggingsdag.

     

  • Endring av opningstidene i barnehagane.

    22/12/2011

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vedteke i kommunestyre den 13.12.11, sak 145/11: Årsbudsjett 2012

     Frå 1.januar 2012 vert opningstidene i dei kommunale barnehagane endra.

    NY STENGETID VERT KL. 16.30

    BARNEHAGANE VERT STENGT I PÅSKEVEKA OG I ROMJULA.

  • Barnehagen har fått ny logo!

    28/11/2011

    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText

    Som de sikkert har sett  m.a. på årsplanen, på dei nye arbeidskleda til personalet og oppe til høgre på heimesida vår, har barnehagen fått seg ny logo. Logoen består av symbol for dei tre avdelingane våre; Gullfisken, Sommarfuglen og Marihøna, og inneheld i tillegg vår visjon for barnehagen; Ein god plass å vere, leike og lære. 

     

  • Litt info frå barnehagen.

    18/11/2011

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Vi er no inne i ein bolk der vi jobbar mykje med matematikk på alle tre avdelingane. Vi leikar oss med tal og mengd, spelar spel med terningar, sorterer etter form og farge, leitar etter geometriske former både ute og inne, og mykje mykje meir som har med matematikk å gjere. I tillegg har vi med oss matematikken i formingsaktivitetar, og har m.a. laga fine bilder av trekantar, firkantar og sirklar i ulike fargar.

    Torsdag 17.november er vi inviterte til Eid eldretun på open dag. Vi kjem til å gå opp med nokre frå Sommarfuglen og nokre frå Marihøna. Der skal vi synge og underhalde dei som bur der. Kjekt for både gamle og unge!

    Vi nermar oss og desember som alltid er ein månad med mykje planar i barnehagen. Kvar mandag i desember vil vi ha fellessamling for alle avdelingane på huset. Avdelingane deler på å ha ansvar for fellessamlinga kvar sin mandag. Vi tenner adventlys og har ulike opplegg kvar samling. Vi syng julesongar, dramatiserer og framfører andre ting vi har øvd inn avdelingsvis.

    Tysdag 13.12 vil vi ha ei lita Lucia-feiring her i barnehagen.

    Fredag 16.12 er det julebord for ungane på Nordfjord hotell.

    Tysdag 20.12  er det nissefest med julegraut, gang rundt juletreet og kanskje kjem nissen????

     

     

  • Basar

    07/10/2011

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText
    edf40wrjww2utHPContent:FullText

    Minner om basaren vår mandag 24.10. kl. 15.00 - 16.30. Sjå oppslag på avdelingane.

  • Planleggingsdag

    29/09/2011

    fjrigjwwe9r1utHPContent:FullText
    fjrigjwwe9r2utHPContent:FullText

    Minner om at barnehagen er stengd grunna planleggingsdag mandag 10.oktober.

  • Foreldremøte

    08/09/2011

    Innkalling til foreldremøte

    tysdag 13.09.2011

    kl. 20.00.

    Vi ønsker alle foreldre velkomne til foreldremøte i Gjerdane barnehagen. I år er vi berre tre avdelingar, så vi prøvar å halde eit felles foreldremøte for alle tre avdelingane. Vi tek først opp saker som gjeld heile barnehagen, for så å dele oss avdelingsvis for å ta opp saker som gjeld kvar avdeling.

    Saker:

    1. Presentasjon av personalet

    2. Bilder frå barnehagekvardagen

    3. Info frå barnehagen

    4. Val

    5. Årsplan

    6. Avdelingsvis info som gjeld kvar enkelt avdeling og barnegruppa der.

      

  • Velkomen til nytt barnehageår!

    16/08/2011

    Vi vil ønske alle, både nye og"gamle", velkomne til nytt barnehageår i Gjerdane barnehage! Vi gler oss til å sjå igjen dei "gamle", og bli betre kjende med nye barn som skal begynne her i barnehagen. Velkomne!

  • Sommar 2011

    29/06/2011

    Vi ønskjer barn og foreldre ein riktig god sommar  , og så ønskjer  vi alle "Rødkløverane" våre lykke til på skulen etter ferien

    Måndag 15. og tysdag 16. august er barnehagen stengd. Då har personalet planleggingsdag.

    Nytt barnehageår tek til onsdag 17. august 2011.

  • ENDELEG NOKO NYTT

    03/05/2011

    Vi kjem attende i august 2011.